Det sa pang. Au.
For dei som ikkje veit: Natt til søndag vart eg påkøyrt. Eller, rettare sagt, pårygga. Eg var på veg heim over Grünerløkka, då ein bil kom køyrande i feil fil. (han køyrte der berre trikken og drosjane har lov å køyre). Han oppdaga dette, bråbremsa og ga full pedal i revers. Der kom Amund gåande.
I fotgjengarovergangen.
Ikkje edru, men heller ikkje spesielt full.
Det sa pang.
Eg sa au.
Mannen kom ut av bilen og kjefta på meg fordi eg hadde gått bak bilen.
Heldigvis kom det ei dame springande - ho hadde sett alt - og ho byrja å kjefte på mannen.
Han hadde forresten større musklar enn hjerne, noko som kan forklare den akk så elendige køyringa.
Eg gjekk heim, men fann søndag morgon ut at eg burde få sjekke hofta som no gjorde inn i hampen vondt.
Legevakten kjefta på meg fordi eg ikkje hugsar om eg slo hovudet mitt.
Ærleg talt. Korleis skal eg hugse om eg slo hovudet mitt då heile situasjonen var over på eit halvt sekund?
Ville eg forresten hugsa om eg slo hovudet mitt om eg slo hovudet mitt slik at eg ikkje hugsa situasjonen, noko sjukepleiaren ville fram til?
Neppe.
Dei sendte meg vidare til Aker sjukehus. Eg fekk ein slik blå jakke. Den passa eigentleg ganske bra. Hilde Marie sa eg såg fin ut i den.
Eg som eigentleg ikkje er glad i lyseblå klede.
Ingen ting var gale med meg. Eg vart sendt heim i drosje.
USA, her vi kjem.

Amund på sjukehus.
Frå draum til helvete
Det måtte gå til helvete.
Biffen kom oppatt med maks styrke, eg fant meg sjølv i ei fosterstilling på golvet på toalettet og tenkte med meg sjølv: Kvifor kan eg ikkje drikke litt mindre når eg først er i gang?
Eg ventar ikkje å få svar. Eg ventar heller ikkje å få trøyst. Mykle skal ha for at han såg nyheitsverdien i eit bilete av redaktøren på golvet på dassen, med røyrleggjarsprekken på full luftings og augene i sikk-sakk.
Elles er det lite å skrive heim om frå gata med det namnet ingen drosjesjåførar hugsar kor ligg.

Det er grunn til å uroe seg
Midt inne i teknologiens høgborg - eg snakkar sjølvsagt framleis om EDB - kom eg til å tenke på kva som eigentleg skjedde med faksen. Denne fantastiske maskina som revolusjonerte verda med sin rekkevidde og aktualitet. Du sendte eit ark og vips: Der pluppa det ut i den andre maskina. Kva var det som gjorde at verda snudde ryggen til denne maskina, denne vidunderfulle skapningen som har betydd så mykje for meg som menneske?
Ikkje veit eg. Men eg veit at det snart vil gå til grunne med oss alle. La oss saman skåle for faksen.

Ein gamal faks

Ein moderne faks. Legg merke til telefonen.
Lenin i sporet?
1. Full badstu.
2. Snø inn i ullundertøyet.
3. Lukta av Goldfingers snertne sokkar.
4. Endelaus hønsemas.
Fylla luktar
Eg våkna opp til tidenes sveitt-sokk-lukt og tidenes tommaste kjøleskap (kan personen som i rusens glede drakk opp lettmelka mi sende meg ein SMS?)
Heldigvis hadde ingen rappa rumpebiletet som eg fekk av Andy, Jølle, Krølle og Brit.
Takk og lov for det.
Ein heilt normal samtale mellom to personar

Ikkje denne mannen.
Jølle sier:
nålepute = sju vaksiner
Lenin sier:
aha
Lenin sier:
du har gjort det i dag?
Lenin sier:
då er eg med
Jølle sier:
to og ein halv høvding måtte eg ut med
Lenin sier:
2,5 høvdingar?
Lenin sier:
DÆVEN
Lenin sier:
Håpar det virkar då
Jølle sier:
det får vi håpe
Lenin sier:
er du keen på lunsj i Annas spiseri no?
Jølle sier:
nettopp ete frokost. du tok meg litt in between
Lenin sier:
skjønar
Jølle sier:
har du begynt på refleksjonsnotatet?
Lenin sier:
nei
Jølle sier:
eg skal til no. ser IKKJE, med store bokstavar, fram til å leite meg rundt i pensum etter referansar... trur det blir mykje synsing i dag
Lenin sier:
Synsing er bra
Lenin sier:
No går eg og et, så ser vi kva som skjer etterpå
Lenin sier:
Ta gjerne turen på dok. om du vil diskutere eit eller anna
Jølle sier:
kjem innom utpå ettermiddagen
Jølle sier:
gute essen
Lenin sier:
eg har ete pai og salat no
Lenin sier:
eg fekk ekstra mykje salat fordi eg ba om det
Lenin sier:
John er snill
Jølle sier:
aldri undervurder verdien av ei skål kinakål
Lenin sier:
det kan du seie
Lenin sier:
men du kom opp her for å ete etterpå, var det slik?
Jølle sier:
kva serverer anna?
Lenin sier:
halal-eit-eller-anna
Lenin sier:
sikkert kebabkjøtt, det er jo det einaste muslingane lagar
Jølle sier:
ajaj
Jølle sier:
Røkt kjøttpølse med kålrotstappe, saus og kokte poteter (49,-) Halal
Lenin sier:
er ikkje det allereie ein bankers?
Jølle sier:
jo. dette høyrest ut som ikkje eingong anna kan kludre til
Lenin sier:
Jølle har ikkje kølle
Lenin sier:
eg er nøgd med den
Jølle sier:
friskt satsa, men du skal få vanskar med å bevise det
Lenin sier:
Skal du saksøke meg?
Jølle sier:
du veit aldri. ein liten tur innom pfu blir det iallefall
Om Lenin hadde likt fotball, kven ville vore hans lag?

Gry har forresten ikkje sendt med SMS i dag heller. Kanskje ho har funne mannen som ho leita etter? For eg må ærleg innrømme at eg byrjar å verte lei av å vente på ho.
Eg er faktisk blitt så lei av å vente no at eg ikkje vil vente lenger.
Du kan ha det så godt.
----
Forresten: Du som snakka i telefonen på bussen i dag tidleg: Var det ein grunn til at du måtte snakke så høgt, eller er stemmebanda dine så skada at du ikkje klarer å justere volumet? Eg kunne faktisk høyre GODT kva du sa om Solveig-eit-eller-anna som "stakkars, var blitt sjuk og det passa så dårlig fordi ho skulle feire 40-årsdag på laurdag, og nemmen, ho var heime frå jobb, og veit du kva, det er faktisk mange som er sjuk for tida, det er vel noko som går, å, eg hadde gleda meg slik til den festen og no veit eg ikkje kva eg skal gjere på til helga, og ja, no er eg på bussen på veg til jobb og ja, du har rett, det er kaldt ute."
Denne mannen var ein bra mann

Han snakka i allefall ikkje i telefonen på bussen, til pest og plage for oss andre.
Faens mas
Innspel vert tatt imot med takk.
Eg legg meg flat
Kjære Gry, ta kontakt igjen.
Mannen var der i dag og
Gry har ikkje gitt lyd frå seg i dag heller. Kanskje det er skjedd noko med ho? Håpar ikkje det. Eg føler vi har byrja å få eit ganske nært forhold etter kvart. Vi har jo så mykje å snakke om, så mange opplevingar å dele, så mange felles tankar og idear. Gry, ta kontakt då.
Eg var inne i rommet i dag og. Såg mannen som stod bakerst og ikkje visste kva han skulle gjere. Han lurte på om han skulle hoppe rundt på den grøne hoppeballen som i dag også låg slengt der. Lurer på kva han tenker med, eigentleg. Jævla løk. Hoppeball på rommet, ha! Du er like smart som han sterile karbonaden som løfta jernstenger ved sida av deg. Ha ha ha.
Kva er skjedd?
Det kan faktisk vere at Gry har kome over meg, at ho er på veg vidare i livet og ikkje vil dvele med ein sint, ung mann som meg. Eg fekk uansett ikkje sove i natt. Dette har plaga meg alt for lenge. Eg trur eg må kome til botnen av dette, Gry. Eg trur kanskje eg må ringe deg.
Men ikkje i dag.
Kanskje i morgon.
Kven veit?
Eg snakka med min gode kamerat Jølle i går (namnet hans er anonymisert på grunn av sikkerheitsønskjer). Han fekk ein telefon frå ein mann for litt sidan, sjølvsagt etter eit fyllekalas utan like - mannen spurte etter "Kristin", derpå Jølle svara at "Kristin er ute og kjøper frukost til meg, skal eg ta beskjed?"
Morosamt.
Sjølvsagt var ikkje Kristin hos Jølle. Tippar fyren lurte på kor Kristin var ...
Kva skjedde med kanonballen?
Svar sendt
Eg ventar på svar.
Feil gut, dessverre
Følgjande argument har svirra rundt i hovudet mitt:
1. Om eg ikkje svarar, går Gry og ventar på svar frå guten ho var med på fredag, utan å vere klar over at han ikkje har fått SMS frå ho. Det er mogleg at guten ikkje har nummeret hennar, men at ho har hans. Eg kan dermed øydelegge for eit potensielt kjærestepar.
2. Om eg svarar, kan Gry få det som ho vil - kanskje SMS-en var sendt feil med vilje, at ho eigentleg vil ha tak i meg, sperre meg inne, torturere meg, hakke meg opp i små kjøtbitar og stappe meg i frysaren, invitere ein gal diktator frå sentral-Afrika på middagsbesøk og ete meg med BBQ-saus.
Eg tar mot til meg og svarar:
"Hei Gry, eg trur du har sendt denne SMS-en feil. Håpar du finn guten du var saman med på fredag. Helsing Amund".
Eg ventar på svar.
Der kom svaret.
"Uffda... Beklager så mye... Jeg leter videre..."
Skal eg svare no? Tips vert honorert med gratis kaffe i Annas spiseri.